Kulturrådet – innspillsmøte
Kulturrådet og musikkutvalet til regjeringa ønskjer innspel frå musikksektoren
Musikkutvala i Kulturrådet inviterer til eit ope innspelsmøte i Bergen om tilskotsordningar for musikkfeltet i Noreg.
Møtet finn stad torsdag 23. mai klokka 12.00 til 16.00 på USF Verftet.
Påmeldingsfristen er sett til 20. mai. Påmelding her.
Formålet er å samla musikarar, artistar, komponistar, arrangørar, festivalar, organisasjonar og musikksenter til diskusjon og innspel for å klargjera og vurdera dei statlege verkemidla for musikk i det frie feltet.
Kulturrådet har invitert medlemmer av det regjeringsoppnemnde Musikkutvalget til å vera til stades og samarbeida om programmet i dag.
– Det er svært viktig for Kulturrådet å gjera tilskotsordningane synleg og relevante for alle i musikklivet og at det kjem innspel om innretninga av verkemidla til Kulturrådet og til NOU-utvalet som skal vurdera innretning av ein heilskapleg musikkpolitikk, seier Ivar Chelsom Vogt, medlem av Kulturrådet og leiar av musikkutvalet for arrangør- og festivaltilskot.
400 millionar kroner til musikkfeltet
Kulturrådet fordeler 400 millionar kroner til 1670 mottakarar i det frie feltet for musikk gjennom sju tilskotsordningar. Midlane går til både faste verksemder som heilårsarrangørar, musikkfestivalar og faste musikkgrupper, og til prosjekt for komposisjon og produksjon, turnear, innspeling og utgiving av musikk, og andre musikkprosjekt.
I møtet vil Kulturrådet først gi ein presentasjon av sitt ansvar innanfor musikkfeltet i eit stort spenn mellom institusjonar og marknadsbasert produksjon og formidling.
To paneldebattar om Kulturrådets musikkordningar
Deretter blir det lagt opp til to paneldebattar: Éin om tilskotsordningane for produksjon og framføring av musikk. Og éin paneldebatt om tilskotsordningane for arrangørar og festivalar.
Til sist vil leggjast det opp til ein debatt om ein heilskapleg musikkpolitikk og samspelet mellom det frie feltet av profesjonelle og andre deler av musikklivet.
Kulturrådet ønskjer innspel og debatt om innretninga av verkemidla og stiller spørsmål som:
- Korleis bør tilskotsordningane for dei som skaper, produserer og framfører musikk blir innretta framover? Er ordningane opne for alle musikkuttrykk, praksisar og kulturar?
- Verkar tilskotsordningane til å skapa attraktive produksjonar med profesjonelle standardar i produksjon og kunstnarøkonomi?
- Korleis skal dei store tilskotsordningane for musikkfestivalar og konsertarrangørar vidareutvikla arenaer og auka tilgang til musikk for publikum i heile landet?
- Korleis kan dei faste verksemdene på Kulturrådets ordningar (band, ensemble, arrangørar og festivalar) sikrast langsiktig utvikling innanfor budsjettrammer som ikkje aukar?
Ein musikkpolitikk for heile landet
Våren 2025 skal det regjeringsoppnemnde Musikkutvalget levera ei offentleg utgreiing (NOU) til Kultur- og likestillingsdepartementet. Utgreiinga skal gi ein heilskapleg gjennomgang av musikkfeltet som mellom anna ser institusjonar, organisasjonar, frivilligheit, skaparar, utøvarar og verkemiddelapparatet i samanheng.
Regjeringas mål med utgreiinga er å betra vilkåra for musikkverksemd, effektiv bruk av ressursar og eit framleis levande musikkliv i heile landet.
I siste del av innspelsmøtet vil Musikkutvalget stilla ein del spørsmål i ein paneldebatt:
- Kva ringverknader, synergiar, spenningar og konkurranseforhold går føre seg i samvirket mellom det frie feltet og andre deler av musikklivet?
- Kva behov må ein heilskapleg musikkpolitikk adressera med tanke på andre tiltak, pengestraumar og finansieringsformer?
- Er det offentlege verkemiddelapparatet i takt eller i utakt med moglegheiter, utfordringar og behov i musikklivet? Og kva bør Musikkutvalgets utgreiing leggja vekt på?
Påmeldingsfristen er sett til 20. mai. Påmelding her.