Laster Arrangementer

Utstilling: Ingerid Jordal – SHE HUNTS

Fotograf Ingerid Jordal med utstillingen SHE HUNTS i Visningsrommet USF

Åpner 29. april kl. 19:00.
Vises til søndag 15. mai 2022.
Åpent hver dag kl 12:00 – 16:00 / torsdag kl. 13:00 – 19:00.
Mandag lukket.
Gratis adgang.

Ingerid Jordal:
For nokre år sidan såg eg eit fotografi av ei venninne på Facebook. Ho stod breibeint over ein svær reinsbukk ho nett hadde skote. Vêret såg surt ut, vinden rota til håret hennar og litt blod var sølt utover jakka hennar. Ho hadde eit fast grep rundt geviret til bukken og eit breitt smil i ansiktet. Ho var høggravid. Dette fotografiet utfordra mi førestilling om kvinner og identitet. Derfor byrja eg å undersøka kva det vil seie å vera ein kvinneleg jeger.

«Før mi fyrste elgjakt var eg nervøs. Eg håpte egentlig at eg aldri kom til å sjånokon elg, for då slapp eg å ta den avgjersla det er å trekka av. Då eg skaut min fyrste elg i fjor haust, vart eg overraska over kor bestemt eg var. Eg lada våpenet, fann ein god skytestilling, sikta, og skaut. Eg var fullstendig fokusert. Men etterpå klikka det jo heilt for meg.» Mia, elgjeger, Vadsø

She Hunts er ein dokumentarisk utforsking av jaktkultur, kjønnsroller og representasjon i norsk utmark. Liv og død er grunnlaget for prosjektet. Fotografiet eg såg av den gravide jegeren som nett hadde tatt eit liv, poengterte ein kontrast eg ikkje sjølv var medviten om frå før av. Dette har eg hatt som ledetråd undervegs i arbeidet. Eg har jobba bevisst med å utforska det feminine uttrykket mot det «brutale» aspektet ved jakt, og freista å skapa fotografi som har denne dualiteten i seg. Målet er å utfordra førestillingar og oppfatningar av kva ein jeger er, og utvida rommet for kven som bruker utmarka, og korleis dei gjer det. Den stereotypiske oppfatninga om at «menn jakter, kvinner plukker bær» (problematisert i Aase Kristine Lundberg si doktoravhandling i 2017) lever i beste velgåande, sjølv om talet på kvinnelege jegerar har auka kraftig dei siste tiåra.

Sidan 2017 har eg fulgt jegerar over store deler av landet. Kvinner mellom 20 og 91 år har teke meg med på jakt, etter elg i Øst-Finnmark, hjort i vestlandsliene, rådyr i aust og rein på Hardangervidda. I denne utstillinga møter du nokre av dei.

Støttet av Kulturrådet, Kunstsentrene i Norge, Norsk fotografisk fond, Norske billedkunstnere, Fritt ord, Bergesenstiftelsen og Vestland fylke.

https://www.ingeridjordal.no/

Denne utstillingen er den første i en serie på tre som går under tittelen Norsk Foto. USF Verftet har med dette prosjektet tatt initiativ til at fotokunst og fotodokumentar skal få en sterkere synlighet og fast visningsplass i Bergen. De to neste utstillerne er Paul Sigve Amundsen og Ingun Alette Mæhlum. USF Verftet har som ambisjon å fortsette serien utover de tre første, og arbeider med finansiering og støtte til videreføringen i 2023 og 2024.
Ta gjerne kontakt med oss om du har innspill til utstillere eller en prosjektidé du ønsker å lufte.