Laster Arrangementer

Skrivekunstakademiet: Temakveld med Erlend O. Nødtvedt

Skrivekunstakademiet er tilbake med semesterets første temakveld!

Temakveld: Kom og sjå korleis vi har det på akademiet og få med deg ein god samtale i same slengen!

Erlend O. Nødtvedt har vore gjestelærar på kurset i lengre prosa med Tormod Haugland, og er no klar for ein kveld på akademiet. Kva slags rom og moglegheitsrom finnast i romanen? Dette skal Erlend og Tormod blant anna diskutere, med utgangspunkt i Nødtvedts siste roman Mordet på Henrik Ibsen (2021).

Nødtvedt debuterte i 2008 med diktsamlinga Harudes, og har sidan debuten gitt ut tre diktsamlingar og to romanar, som alle har vore kritikarroste.

Temakveldane på Skrivekunstakademiet er arrangement der akademiet gjev det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme. Det vert òg mogleg for publikum å stille spørsmål til og samtale med forfattaren.

Temakvelden finn sted i Skrivekunstakademiets lokale på USF Verftet – Georgernes Verft 12. Inngang E. Sal av drikke.