Laster Arrangementer

Nattjazz 27. mai

Gratiskonserter i Hallen USF:

18:00 HOT NINJA

18:45 FRED PAA JORD

20:00 EYOLF DALE TRIO Sardinen
22:00 TREVERKET Sardinen

20:30 TUVA HALSE QUINTET Studio USF
22:30 HARALD LASSEN Studio USF

21:00 MARIAM WALLENTIN & VNJE Røkeriet
23:00 LOUIS COLE Røkeriet

Louis Cole regnes som en av LA’s mest fremtredende musikere og spiller konsert på Nattjazz

Grammynominert multiinstrumentalist, funky YouTube-fenomen, eksentrisk singer-songwriter, fenomenal vokalist, ein av dei mest særeigne jazzskulerte trommeslagarane på planeten, produsent, komponist, og medgründer av duoen KNOWER  – døgnet ser ut til å ha fleire timar disponibelt for Louis Cole enn for dei fleste andre.

Legg til samarbeid med Thundercat, Dennis Hamm og Brad Mehldau, og du har ein komplett musikar som skapar djupe kjensler gjennom musikk. Han er også høgst aktuell med sitt fjerde soloalbum, «Quality Over Opinion», som har sikra han gode kritikkar og ein fersk Grammy-nominasjon for låta «Let It Happen». Med eit scenetrøkk knapt nokon kan kopiera, kan dette fort bli den mest morosame elektrofunk-konserten du har vore på.

LOUIS COLE vokal, trommer, tangentar / GENEVIEVE ARTADI vokal + flere tba

Se billettdetaljer på kjøpssiden under lenkene.
Se også www.nattjazz.no for info om festivalen og øvrig program.