Laster Arrangementer

Microjolabingo

Microjolabingo: Microbandet jular deg opp!

Nesten-storstova på USF Verftet opnar dørane for deg og for byens eigen julehyggeduo!

Microbandet består av Kjersti Døssland (Yamaha-synth) og Brit Aksnes (gitar) som i nesten ti år har hygga mange og ikkje minst seg sjølve med radbrekking/forbetring av andre sine låtar.

Som alle seriøse microband, har dei valt å fokusera særleg på julehøgtida, og før dei eigentleg hadde hatt sin fyrste spelejobb, hadde dei spelt inn ein julesingel, som vart trykt på raud vinyl (trykt med støtte av Øvreviken pub som løn for å laga og spela inn den legendariske Øystesesongen for Øystese Fotballklubb).

Den er det utruleg nok ikkje så mange att av, men det skal akkurat gå å ha eit eksemplar som premie.

Kva er vel ein førjulskonsert med Microbandet utan bingo og gåvekort?

Kom og la spelegalskapen råda mens du nippar til eit glas til vakre tolkningar av Vassendgutane og Britney Spears, Jussi-go-home O helga natt og sjølvsagt A-sida på julesingelen, Ding-dong-merrily on high.

Mottoet «ingen forventningar» innfrir dei gong på gong med sin blanding av tostemt song og masing i stereo.

God microjoolabingo, folkens!