Laster Arrangementer

Kjartan Lauritzen – U 18

Kjartan Lauritzen U-18 konsert

NB: KJØP RIKTIG BILLETT! Denne konserten 23. november er for de under 18 år. Merk at er du under 15 år må du likevel være i følge med verge.
Vergeskjema her.

Ingen alkoholservering.

Sjekk nettsiden til arrangøren Bergen Live for mer info. Kontakt Bergen Live for eventuelle spørsmål om aldersgrenser og vergeskjema.

Heilt utan noko majorlabel i ryggen har Kjartan Lauritzen frå Balestrand gått frå å vere ein nesten normal gut frå Balestrand til å bli Noregs nye rap-superhelt.

I 2021 blei han ein del av Warner Music, og ga ut sitt debutalbum Kjartanisme til kritikarane og fansen si store begeistring. Kjartanismen gjorde sitt inntog i landet med låtar som Million og TADA, før han abdiserte som profet og gjekk vidare til å gi ut singlar som Gira, Shakira, Skaol Skadle og sommarhiten Badebussen.

Kjartan har no vore 8 år i gamet og skal no ut på ny haust- og vinterturne rundt i det ganske land, med både nye og gamle bangers. Han er kjent for å by på seg sjølv, og skapar ein unik kontakt med publikum. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til “årets live artist”.

Kom på konsert, og du vil føle ei varm kjensle stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemme vil kviskre deg ømt i øyret; “dette var ikkje eit dumt val, min gode ven”.