Laster Arrangementer

Good Time Charlie – familiekonsert

Søndag 25. juli kommer bluesbandet Good Time Charlie og spiller for hele familien i Feriekolonien på USF Verftet.

Jubelblues har rista av seg pandemipause og er klar for energisk musikk, dans, sprell og allsong!

Good Time Charlie (GTC) sitt Jubelblues-univers passar som hand i hanske til ein forrykande familiekonsert. Sjangeren er livleg «rhythm & blues», med sprell levande tekstar på vestlandsdialekt om alt frå traktorar og rotekongar til hytteboogiewoogie og lakenskrekk. Det blir «syng og få svar», dans, og kanskje inviterer vi til klokkespel på scena? – Her kan alt skje og alle kan lett vere med!

I år har Jubelblues gode nyhende med rykande ferske «syng med videoar» til alle melodiane på Jubelbluesplatene. Låtar frå Jubelbluesplatene er og å finne på spelelistene til NRK SUPER.

Sjekk hele Youtubekanalen til Good Time Charlie

Her er lav meistringsterskel og det blir lett energisk og godt humør når alle deltek og har det gøy ilag. Jubelblues sitt mål er å lage verdas mest elleville musikkfest ved å involvere heile salen i heile konserten!
Jubelblues byr på gratis rakettur, eller mirakelkur for den som er sur.

GTC har stort engasjement når det gjeld å formidle «rhythm & blues» til eit yngre publikum. Med dei 3 Jubelbluesplatene “Draumeblues og blåsus”(2013), “Jubel og skrubbsår” (2015) og “Lakenskrekk” (2018) har GTC turnért mykje dei siste åra. Vi har mellom anna spelt på Bergenfest Ung, Den Musikalske Stamvegen, Nattjazz, Vossajazz, Balejazz, Sildajazz, Canal Street festival, Nidaros Bluesfestival, Notodden Bluesfestival og Kongsberg Jazzfestival. Jubelblues har óg vore flittig brukt på turnéar for Rikskonsertane/Kulturtanken og DKS.

Se også www.goodtimecharlie.no  og  www.jubelblues.no