Laster Arrangementer

ESC ungdomskompani: Big big bang

Ei forestilling der 8 unge dansarar samansmeltar og beveg seg som ein kollektiv masse – i Studio USF på Verftet

Med kraft, energi og fart kastar dei seg ut på ei transformativ reise der publikum blir revet med inn i eit forsøk på å skape ein ny begynnelse.

Dei spinn i eit endelaust loop av intensitet og varme og balanserar på vippepunktet mellom utmattelse og gjenoppstandelse. Publikum blir dratt med inn i ein suggerande og energisk tilstand, der 8 dansarar forenar seg til ein uoppsliteleg eining som strebar etter å forvrenge oppfattinga av tid, stad og rom.

Koreograf Jonathan Ibsen er ein dansk dansekunstnar busatt i Oslo. Som kunstnar er han opptatt av den samtidsaktuelle kroppen, og korleis kroppen kan brukast som eit kommunikativt instrument til å onfrontere, provosere og skape dialog.

Han jobbar med å kontekstualisere problemstillingar rundt sosialt konstruerte normar og forståingar og forsøkar å bane vei for eit kunstnerisk uttrykk der kroppen kan materialisere seg meir fri og utan begrensningar.

Koreograf: Jonathan Ibsen
Komponist: Fredrik Petrov
Kostyme og tekstil design: Zofia Jakubiec
Kostymemaker: Julie Jensen og Ceri Angharad
Lysdesign: Maja Bergebakken SundtVarighet 40 minutter.

Dansere: Agnes Ravndal Vaagland (Bergen), Alisah Sussmann (Bergen), Dekontee Manyeah (Bergen), Elena Hertzberg Aidoni (Askvoll), Liv Viksmo (Bergen), Malene Henden Fridtun (Gloppen), Natalie Otneim Leikanger (Stadt) og Thomas Myklebust (Leikanger).

Produsent: Sølvi Katrine Andersen, ved Bergen Dansesenter
Co-produsent: BIT Teatergarasjen
Støttet av: Fana Sparebank, Bergen Kommune og Vestland Fylkeskommune