Laster Arrangementer

Vreng: Tidekverv

Medverkande:

Berit Opheim, song, perkusjon


Benedicte Maurseth, hardingfele, song


Rolf Lislevand, lutt, el-gitar

Håkon Mørch Stene, vibrafon, perkusjon, elektronikk

Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire viktigaste datoane for jamdøgn og solkverv i året: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv.

Tidekverv er etter ein idé av Benedicte Maurseth, inspirert av Draumkvedet, både som diktform, men også som eit slags musikalsk ritual, då balladen hovudsakeleg vert framført 13. dag jol kvart år. Ynskje med Tidekverv er såleis å hylla ei eldre diktform med ny folkemusikk, og framføra musikken berre i periodane for solsnu.

Verket inneheld lydarspel, gangarar, springarar og fire nye balladetekstar tileigna det mest essensielle i liva våre – sola, og dei ulike årstider den oss gjev. Balladane er skrivne av diktarane, Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt, og skildrar alt som mognar og gror, at ein «vil elska, syngja, tru», sommarnåden, grøda, og til slutt det stigande mørkeret, som endar med omkvedet «Eg takkar deg Gud at sola snur, uansett på kva ein trur».

Musikken er arrangert i samarbeid med musikarane, Rolf Lislevand og Håkon Stene, og gjev verket fargar og impulsar frå både barokk, samtidsmusikk og meir fri improvisert musikk.

Tidekverv vart uroppført vårjamdøgn under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival i 2017, og har sidan vitja ei rekkje konsertstader kring landet i tida for solsnu.

Bilde av Plateomslag Tidekverv

August 2018 vert CD-utgjevinga «Tidekverv» lansert på Heilo / Grappa Musikkforlag.

Plateslepp-turné 2018:

7. september, Aasentunet /Ørsta

8. september, Ny Musikk Bergen / Columbi Egg /USF Verftet

9. september, Ulvik Poesifestival / Ulvik.

30. september, Festival Musica Devina, Belgia