Laster Arrangementer

Utstillingsåpning: Brynhild G. Winter

Velkommen til utstillingsåpning av «Haren: words are animal trap» i Visningsrommet USF

Vises til lørdag 1. august.
Åpningstider: kl. 12.00 – 16.00 hver dag unntatt mandag.

«…The rabbit snare exists because of the rabbit; once you`ve got the rabbit, you can forget the snare. Words exist because of meaning; once you`ve gotten the meaning, you can forget the words…». – Zhuangzi, Basic Writings

Eg hadde alltid tenkt at haren var ein metafor for fridom. Eg veit ikkje kvifor.

No leitar eg etter noko i all symbolikken me har lagt på toppen av harane og kaninane. Når det ligg så mykje greier oppå så små dyr, blir dei heilt borte. Ingen veit kvar haren hoppar, og kaninar sit oftast i bur, men kanskje er dei først og fremst fanga i ord.

Denne utstillinga blei vist i Bærum Kunsthall 13. feb – 08. mars 2020. Den er ei av fem utstillingar kor eg ser på ulike aspekt av relasjonar mellom harar og andre folk. Dei andre utstillingane vil innehalde andre teikningar og blir vist på Galleri Christinegaard, Møre og Romsdal Kunstsenter, og Haugesund Kunstforening.

I denne utstillinga ser eg på harar og kaninar frå alle dei ulike infallsvinklar eg kan kome på. Du kan kalle det ei slags harejakt, om du vil. Eg tenkjer høgt med hendene, og jobbar ikkje ut frå faste planar, men frå stikkord. Når ein går seg vill med vilje, veit ein ikkje kva som dukkar opp langs vegen. Difor skriv eg medan eg teiknar. Men du får ikkje alle orda mine, og ikkje alt i kunsten får plass i ord fordi teikningane eksisterer i ein logikk som ikkje er avgrensa av gramatiske reglar eller linearitet.

Så ein dag dukka Haren opp. Han var sint og spurte meg kva i helvete eg er metafor for. Eg er usikker på kvifor, men det var då eg lova Haren at han skulle få vere med. Han skulle få vere der med sitt eige fotoprosjekt.

Haren har ein fetish for fotografi som inneheld «feil» i form av tilfeldige komposisjonar og uskarp fokusering. Eg stiller spørsmål ved det autentiske i det å konstruere «feil» for å framstå som meir ekte. Og at det berre ser ut som om han ikkje veit kva han driv på med. Eg har òg prøvd å forklare at fotokunst ikkje skal trykkjast på lerret. Haren svarar ved å kritisere min måte å bruke dyr som metaforar, og det var vel her hans kamp starta. Kampen for individverdien til dyr som ikkje har menneskelege trekk.

Ein dag sa han til meg at haren i skogen ikkje er repetisjonar av han tullingen som står og poserar på fotografiet i artsbeskrivinga i dyreboka. Så sa han at ein dag skulle han lage ei bok med ein slik forenkla banalisering av menneskearten – fordi mennesket forstår ikkje verda gjennom språket, men gjer verda forståeleg gjennom ord. Og difor veit ikkje mennesket anna enn det tullet dei sjølv har funnet på basert på sin eigen rare logikk. No sit han i hola si og spikrar demonstrasjonsplakatar. Han har òg satt fyr på sopp i skogen, og eg trur det handlar om at han har personlege problem med «Alice i Eventyrland». Eller kanskje det er eit slags rituale. Eg veit ikkje.

Brynhild Winther (f.1981) har bakgrunn som sleggemekaniker i oljeindustrien, men sa opp jobben for å ta BA og master på KHiB. Hun har stillt ut blant annet ved Tegnerforbundet, Kunstnernes Hus/ Høstutstillingen, Oppland Kunstsenter, Bryne Kunstforening, Joy Forum, Hvelvet/Oseana, GoMA (Glasgow), hanseARTworks (Kampen, Nederland), Immunologisk Institutt UiO, Bærum Kunsthall, med mer. Hennes kunstnerskap er representert i flere offentlige og private samlinger, blandt annet KORO og OsloMet. Winther skriver også kunstkritikk for Billedkunst, Kunstforum, og andre.

Nettside: http://www.brynhildwinther.no