Temakveld Skrivekunstakademiet: Brevskrivaren Eve Babitz
Eli Fossdal Vaage og Anna Kleiva i samtale om brevskrivaren Eve Babitz
«The idea of a straight line fills me with billowy panic,» skreiv den sagnomsuste amerikanske forfattaren Eve Babitz.
I 1974 debuterte ho med «Eve´s Hollywood», eit essayistisk memoar, etter å ha lista dei ironiske, sjangeroverskridande tekstane sine gjennom utgjevingsprosessen til forlaget, forkledde som «ei bok» i tradisjonell forstand.
Anna Kleiva (1985) har late seg fengsle av den ikoniske LA-forfattaren, og i fjor kom «Late dagar, ville netter» på norsk i hennar omsetjing.
Denne kvelden kjem ho til Skrivekunstakademiet for å snakke med Eli Fossdal Vaage om Eve Babitz som brevskrivar på søken etter si eiga litterære form. For som Babitz skriv i eit brev til Joseph Heller: «Eg tenkjer av og til at om eg verkeleg var seriøs, ville eg «meistre handverket», men eg har ei altoverskuggande kjensle av at eg finn opp handverket medan eg held på».
Vel møtt!