Laster Arrangementer

Studinekoret Sirenenes jubileumskonsert

Velkommen til jubileumskonsert med Studinekoret Sirenene på USF Verftet!

Den 28. april 1997 vart det danna eit kor for Bergens studiner. Med stort engasjement, drive av nokre verkelege eldsjeler, vart grunnlaget for det som i dag er Studinekoret Sirenene skapt.

No, 25 år seinare, er koret framleis tru til sine røter, som eit kor for kvinnelege studentar med fokus på musikalsk kvalitet og sosialt samhald. Studinekoret Sirenene feirar 25 år med samhald, song og søsterskap med ein storslått jubileumskonsert i Røkeriet på USF Verftet.

Repertoaret vil spegla den musikalske utviklinga gjennom dei siste fem åra, og famnar breitt i sjanger og uttrykk.

– Dørene åpner: kl.18:00

– Konsertstart: ca. kl.19:00