Laster Arrangementer

Skrivekunstakademiet: Temakveld med Blomster & Bureau

Temakveld med Blomster & Bureau hos Skrivekunstakademiet

Det ritualistiske skrivekollektivet og småforlaget Blomster & Bureau består av Eli Fossdal Vaage, Siri Katinka Valdez, Aina Villanger, Ane Nydal og Silje Fagerlund. Dei er alle tidlegare studentar på Skrivekunstakademiet.

Torsdag 10.11.22 klokka 19.00 vil representantar frå byrået presentere Blomster & Bureau og kva dei arbeider med, og eit pelskledd sendebod dukkar opp via eteren med meir informasjon om BB. Det vil bli sett av tid til spørsmål og svar. Og moglegheit for å kjøpe bøker.

Temakveldane er arrangement der akademiet gir det allmenne publikum høve til å møte gjestelærarane våre i ei intim ramme, og det vil òg bli mogleg å samtale med forfattaren. Grip sjansen til å få møte Blomster & Bureau.