Laster Arrangementer

Skrivekunstakademiet: Mari Andreassen

Mari Andreassen debuterte i fjor med novellesamlinga «Hvor lenge varer vi». Boka fekk strålande kritikkar over heile linja, blei nominert til Brageprisen, og Mari Andreassen blei løfta fram som ein av fjorårets beste og mest lovande debutantar, mellom anna av kritikar Frode Helmich Pedersen i Morgenbladet.

Ho er gjestelærar på akademiet sitt kurs i kortare prosa i vårsemesteret. På temakvelden vil ho snakka om debutboka, skrivepraksis og novellesjangeren.

Arrangementet er ope for alle og gratis.
Det er høve til å kjøpe øl og vin.
Vel møtt!

Sted: Skrivekunstakademiets lokaler i USF-huset. Inngang D – 3. etasje under klokken.
(Mei info kjem).