Laster Arrangementer

Skrivekunstakademiet: Josefine Klougart

Skrivekunstakademiet inviterer til temakveld med Josefine Klougart i lokalene på USF Verftet: «Om natur og skrift. Litteraturen som erfaringsrom» .

Josefine Klougart blir ofte skildra som ei av dei viktigaste nye stemmene i skandinavisk litteratur. Fredag 24.1 inviterer Skrivekunstakademiet til temakveld med Klougart, der den kritikarroste danske forfattaren snakkar om natur og skrift, og om litteraturen som erfaringsrom med bakgrunn i sin seinaste roman New Forest og sitt pågåande romanprosjekt. Velkommen!

JOSEFINE KLOUGART debuterte i 2010 med romanen Stigninger og fall, ei prosalyrisk barndomsskildring der møtet med språket står sentralt. Klougart vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for debuten, og har sidan då gjeve ut fleire romanar og eit prosadikt. I 2016 kom hennar femte og seinaste roman, New Forest, som handlar om lys og skogar, familiar og myter, kjærleik og død – og der naturen og språket igjen er eit viktig bakteppe for romanen.

Klougart er gjestelærar på romankurset ved Skrivekunstakademiet, og temakvelden markerer slutten på dette kurset. Arrangementet er gratis og ope for alle. Det blir bar med sal av øl og vin, og dessutan gratis kaffi. Vel møtt!