Laster Arrangementer

Side Brok + Sirkel Sag

Etter to års pustepause, kom hiphop-heltane frå Hovdebygda tilbake i fjor, og spelte fire veldig utselde konsertar og éin festival. Dei fortset festen i 2019 med nokre få og ekstra gode konsertar. Og Sirkel Sag er sjølvsagt med.

Det blir fest, dritprat og mykje kjærleik, og alle er velkomne.

Side Brok er landets (bokstavleg talt) største hip-hopgruppe, og har sørga for god musikk og god stil i snart 17 år. Sidan den Spellemann-nominerte debutplata «Høge brelle» (2004), har dei gitt ut tre album, ein drøss med låtar, og ni mixtapes i Pina D-serien.

Sirkel Sag var lenge fast gjest på Side Brok sine plater og konsertar, og i desember 2016 slapp han endeleg sin eigen ep, den allereie klassiske «Ørsta rådhus». No for tida herjar han spelelistene med «Heimebane» i lag med Klovner i Kamp, og han er snart klar med ny ep.

Dørene åpner kl 20.00. Konsertstart kl. 21.00

Aldersgrense 18 år. Vergeordning – klikk her.
Ledsager betaler kun billettavgift, ring ticketmasters kundesenter eller oppsøk en av våre distributører. NB! Offisielt kommunalt ledsagerbevis skal fremvises både ved kjøp og ved inngang.