Laster Arrangementer

Rekviem for dei namnlause

Ei musikalsk, poetisk og visuell framsyning med Kjersti Elvik (skodespelar), Marita Kjetland Rabben (pianist og produsent) og Gunnar Fretheim (videokunstnar/scenograf).

“I dei grufulle åra da Jezjov var sjef for tryggingspolitiet, stod eg 17 månader, dagleg, i fengselskø i Leningrad. Alle kviskra der.
Ein dag kviskra kvinna som stod bak meg inn i øret mitt med blåfrosne lepper: – Kan De skrive om dette?
Og eg sa: – Det kan eg.
Da gleid noko som likna ein smil over det som ein gong hadde vore andletet hennar.”

Denne vesle, vakre, kraftfulle konsertframsyninga er basert på diktsyklusen Rekviem av russiske Anna Akhmatova. Rekviem er vigd minnet om alle som vart offer for Stalins terror, først og fremst dei etterlatne kvinnene. Det handlar om ein del av historia som me aldri må gløyma, og er samstundes aktuell langt inn i vår eiga tid.
Møtet mellom tekst, klavermusikk og videoanimasjonar opnar for heile kjensleregisteret – frå det dramatiske og brutale, til det lyse og håpefulle.

Rekviem for dei namnlause fortel om korleis det er å vera menneske i eit samfunn utan fridom. Framsyninga er også eit portrett av Anna Akhmatova, ein av 1900-talets største russiske forfattarar, og «heile Russland si stemme».

Tekst av Anna Akhmatova, omsett til nynorsk av Halldis Moren Vesaas.
Musikk av Gubaidulina, Rachmaninov, Tveitt, Bach, Scriabin m.fl.

Støtta av Fond for lyd og bilde, FFUK, Fritt ord, Stord kommune og Bergen kommune.