Laster Arrangementer

Kjartan Lauritzen – EKSTRA

Det blir ekstrakonsert med Kjartan Lauritzen på USF Verftet

Heilt utan noko majorlabel i ryggen har Kjartan Lauritzen frå Balestrand gått frå å vere ein nesten normal gut frå Balestrand til å bli Noregs nye rap-superhelt.

I 2021 blei han ein del av Warner Music, og ga ut sitt debutalbum Kjartanisme til kritikarane og fansen si store begeistring. Kjartanismen gjorde sitt inntog i landet med låtar som Million og TADA, før han abdiserte som profet og gjekk vidare til å gi ut singlar som Gira, Shakira, Skaol Skadle og sommarhiten Badebussen.

Kjartan har no vore 8 år i gamet og skal no ut på ny haust- og vinterturne rundt i det ganske land, med både nye og gamle bangers. Han er kjent for å by på seg sjølv, og skapar ein unik kontakt med publikum. For dette har P3 Gull nominert han to gonger til “årets live artist”. Kom på konsert, og du vil føle ei varm kjensle stryke deg forsiktig på sjela, og ei stemme vil kviskre deg ømt i øyret; “dette var ikkje eit dumt val, min gode ven”.