Laster Arrangementer

Karl Seglem Trio

Karl Seglem Trio spiller på USF Verftet 23. april

Tenorsaksofonist, bukkehornist, poet, plateselskapgründer, og ein utøvar som har laga seg eit unikt prosjekt i tussmørkret mellom folkemusikk og jazz. Karl Seglem er ein av våre fremste tenorsaksofonistar og bukkehorn-blåsarar, og er å rekna som ein institusjon i norsk musikkliv. Han nærmar seg 40 plateutgjevingar, og har utvikla eit sterkt personleg uttrykk der melodisk jazzimprovisasjon og norsk folkemusikk møtes i ulike format. I 2010 vart han tildelt Buddyprisen, i 2012 skreiv han tingingsverket «Som spor» til Vossa Jazz.

Denne runden har han med seg hardingfelemeister Håkon Høgemo – i seg sjølv ein akta utøvar, soloartist og Spellemannprisvinnar, og trommevirituost kraftsenter Kåre Opheim som har vore sentral i fleire av Seglems band i nærare 10 år, kjend frå RealOnes og Sigrid Moldestad. Tre menn som spelar for livet – og elskar det. Tett, intimt, direkte og med eit akustisk hjarte for tradisjon, nyskaping og grenseoverskriding.

KARL SEGLEM tenorsax, bukkehorn HÅKON HØGEMO hardingfele KÅRE OPHEIM trommer

Bli medlem og støtt Bergen Jazzforum: https://bergenjazzforum.no/medlemskap/

Fotograf: Paal Dybwik